AKTIVITETER

Turner Syndrom
Om Foreningen
Historier
Gjestebok
Styret
Linker
Aktiviteter
Bli medlem
Kontakt oss


Tur til Kinsarvik helga 27 til 29 august

 


Sjølv om sommar og ferietid er her håpar eg at de har høve til å gje tilbakemelding om de vert med til Hardangertun i Kinsarvik denne helga.

Me møtest fredag kveld på Hardangertun – då har me ikkje noko meir program enn at me kjem fram og har felles måltid.

Laurdagen vert det Mikkelparken for dei som måtte ynskja det. Så dersom der er nokon (av dei over 50 år??????) som ynskjer køyra go kart er det høve til det i Kinsarvik. Det må me ha eigen påmelding til. Dersom nokon vil gjera noko anna, er det m.a. høve for både flott fot –og biltur i vakre Hardanger.

Søndagen ser eg for meg me køyrer via Odda og tek ein stopp på Norsk Industristadmuseum i Tyssedal og har felles lunch før avreise heim frå Odda.

Før me fastlegg programmet heilt er det god å få påmelding slik at me veit litt meir om kva som høver. Hardangertun ynskjer ei avklaring så snart som mogleg i høve bestilling av hyttene då dei har stor pågang.
Det vert ”hyttetur”, me må vera innstilt på å eventuelt måtte dela hytte med nokon, dersom det er spesielle ynskje om kven de skal bu med må de gje melding om det – elles tek styret den avgjerda.
Me i styret har enno ikkje diskutert eigenandel, det må me få kome tilbake til- om me set ein eigenandel så skal den verte å leve med for dei fleste tenkjer eg .

Det er fint om de svarar på epostspørsmåla og sender det i retur til meg så snart som råd. Inger Johanne skal til Amerika så eg tek påmeldinga. Stavangerfolket kan ta kontakt med Gry
Me bør ha tilbakemelding innan 5. juli om antall personar og hytter.